INDRE SOGN KYSTLAG
Indre Sogn Kystlag er eit frivillig lokallag under forbundet KYSTEN. Me har som føremål å ta vare på våre tradisjonar av historie, opne båtar, hus og naust. Me har omlag 75 medlemar frå bygdene i Indre Sogn.
Forbundet KYSTEN har over 100 lokallag og ca. 9000 medlemar i heile Noreg.
Aktivitetar:
Me driv med allsidig aktivitet, både på sjø og land. Ein viktig aktivitet er opplæring i båtliv og sjøsikkerheit for barn og ungdom. Her har ein moglegheit til å oppnå ferdigheitsmerket "Roknappen".
Me har også arrangement som "Kysten sin dag", både i Kaupanger og i Aurland. Me feirar òg Kulturminnedagen og St. Hans på Kaupanger.
Bli gjerne med!
Roknappen:
Roknappen er ein prøve som består av seks enkle øvingar. Prøven er åpen for alle, men målgruppa er først og fremst born frå åtte år og oppover.
Heftet "Roknappen" kan lastast ned her