Indre Sogn Kystlag deltok på Open Dag i Kaupanger

Sundag 16. juni deltok Indre Sogn Kystlag på Open Dag i Kaupanger.

Det var svært mange som tok del i Open Dag (info om dei som deltok kan lesast her: Link til MISF sine nettsider)

Styremedlemmar serverte bålkaffi, bringebærsaft og låne ut både redningsvestar og båtar til folk som var innom. Det gledeleg å sjå så mange som var innom basen vår i Kaupangerbukti. Me fann også fram ein eldre båt laga av Svein Henjasand i Eide, som no skal få seg ein liten service, så kanskje kan me få den på sjøen att.

Nytt år, nytt styre, nye aktivitetsdagar i Indre Sogn Kystlag

Etter årsmøte i mars vedtok årsmøte det nye styret, og ser fram til eit nytt år med aktivitet rundt Indre Sogn Kystlag.

Målet i år er blant anna å få sjøsatt fleire av båtane våre, vere med på arrangere Open dag i Kaupanger 16. juni, samarbeide med Sogn Friluftsråd og andre organisasjonar og tilby arrangement for born og unge iløpet av sommaren/hausten.

Den første samlinga vår blir tysdag 23. april på basen vår i Kaupangerbukti frå kl. 17.00. Då blir båtane sett på, og starta med klargjeringa før sommaren. Denne dagen er open for alle, og har du interesse for eldre trebåtar, eller ynskjer å lære om korleis ein klargjer gamle Sognebåtar, så ta turen.

Fjorden sin dag

Indre Sogn Kystlag og Sognefjorden Vel inviterer til Fjordens dag i Kaupanger.

Tid: lørdag 11. juni fra kl. 11-16.

Sted: Indre Sogn Kystlag sin «base» ved Sogn Fjordmuseum i Kaupanger.

Indre Sogn Kystlag og Sognefjorden Vel inviterer til Fjordens dag i Kaupanger laurdag 11. juni frå kl. 11-16. Indre Sogn Kystlag har "ope hus" på basen sin ved Sogn Fjordmuseum i Kaupanger. Anlegget til kystlaget med bryggjer, naust og båtar er tilgjengeleg. Der vil me fortelja litt om livet i Sognefjorden no og i gamle dagar.

Indre Sogn Kystlag er eit frivillig lokallag tilslutta forbundet Kysten, det nasjonale forbundet som arbeider for å ta vare på vår tradisjonelle båt- og kystkultur. Ei av forbundet sine merkesaker har  vore å få kunnskapen om byggjing av klinkbygde båtar inn på UNESCO si liste over verneverdig kulturarv.

Indre Sogn Kystlag sitt hovedføremål er å ta vare på lokal båttradisjon, og i samarbeid med andre interesserte utvikla nye bruksområde for båtane. Dei som ynskjer, vil få prøva båtane.

Sognefjorden Vel er også ein frivillig organisasjon.  SoVel ønskjer å betre forvaltninga av Sognefjorden og ressursane i den, deriblant fisken. Me vil prøva å visa litt av dyrelivet i fjorden slik me blant anna kan sjå det med ei undervatnsdrone. Me skal også ta prøver av dyreplanktonet og sjå på det i mikroskop. Kanskje klarar me å laga eit lite akvarium med sjøstjerner og anna. Om du lurer på kor salt fjordvatnet er i Kaupangerbukta, så skal me også måla det.

 

Marny Tønnessen (Indre Sogn Kystlag)

Torbjørn Dale (Sognefjorden Vel)

Årsmøte ISK

Årsmøte i ISK, tysdag 8. mars kl 17.00 på Lægreid Hotell i Sogndal

Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtesakene blir det gjesteforedrag 😊

Tema: Aktivitet i Kystlaget for vaksne, ungdommar og barn framover i tid. Rådgjevar for friluftsliv og ungdom i Forbundet KYSTEN, Kari Brenna Rian , vil informera om kva Forbundet gjer sentralt og korleis dei kan bistå lokallaga.

Enkel servering!

Vel møtt!

Julehelsing og UNESCO listing

Gode kystlagsmedlemmer, me takkar for at de er med å  støtta arbeidet vårt med å ta vare på og aktivt kunne bruke ro og seglbåtane frå vårt eige distrikt.

Trass i mange nedstenginger vart det likevel   eit positivt og innhaldsrikt år for Indre Sogn Kystlag.

Høgdepunkta i 2021  var Sommarleiren i Juli, som vart støtta av Gjensidigefondet. Som arrangørar  fekk me mange postive opplevingar saman med glade og aktive jenter og gutar frå Indre Sogn. 

Og no seinast i desember 2021, er me stolte og glade for at ein kan seia at dei gamle og nye trebåtane har fått Verdsarvstatus. 

Nordisk klinkbåttradisjoner er skrive inn på UNESCO si liste over «menneskehetens» immaterielle kulturarv. Det betyr at kulturarven må takast vare på for framtida.

Dette er eit stort og viktig status løft for vårt arbeid på Kaupanger og Indre Sogn. 

Vonar at me alle saman i laget skal kunna hjelpa til med å skapa kunnskapskontinuitet med sognebåttradisjonane på Sognefjorden framover i tid.

Tusen takk til alle som har støtta oss med medlemskap, gåver og frivillig dugnadsarbeid gjennom året som no ebbar ut

Ynskjer dykk alle God Jul og Godt Nytt År!

Sommarleir med ISK

Sommarleir - Sjøen og båtane

MARI ISK foto Bjørn Sølsnæs (1).JPG

Målgruppe: 4.-8. klasse i Sogndal Kommune.

Tidspunkt: Veke 27: 5.- 9. juli 2021

Indre Sogn Kystlag (ISK) på Kaupanger arrangerer gratis sommarleir for born og ungdom i starten av juli. Gjensidigestiftelsen har gitt ISK midlar til å gi born og ungdom opplevelsar til sjøs og på land. 

Sommarleiren er frå kl. 10 til kl. 18 kvar dag og det serverast frukost, lunsj og middag. Vi vil satse på roing og segling med våre tradisjonsbåtar, klinkbygd i tre. Det vil bli aktivitetar og mestringsoppgaver knytta til sjøen og båtane.

Inntil 15 deltakarar, frå klassetrinn 4.-8 klasse får delta. Vi vil også lære om sjøvett og naturvern knytta til sjøen, historie om Sognefjorden, kystfriluftsliv og vår kulturarv.

Derfor skal vi ein dag også besøke Sogn Fjordmuseum, som ligg vegg i vegg, med ISK sin base på Kaupanger. På basen vår vil vi slå opp en stor lavvo. Programmet blir tilpassa været. 

Dei fleste av aktivitetane vil foregå på Amlabukti. Men ein dag skal vi segle og ro til en leirplass ved Sognefjorden der vi har sett opp lavvoen. Alle deltakarar må melde seg på til heile veka, 5 dagars sommarleir. Kvar enkelt må komme seg til og frå sommarleiren. Kvar dag startar vi opp med frukost kl 10.

Indre Sogn Kystlag (ISK) vil ha 6 instruktørar til stades, til å dele sine kunnskapar, samt til matlaging og servering. Dette også for sikkerheten til deltakarane. I tillegg vil ISK heile veka, frå morgon til kveld, ha en motorisert følgebåt med skipper, som ein ekstra sikkerhet når vi ror og seglar på fjorden.

Meld deg på ei spennande veke med oss i samråd med foreldre. 😊

Påmelding:

Påmelding finn du her: www.deltager.no/sjoen_og_batane. Påmeldinga startar tysdag 18. mai kl 18, og sluttar søndag 6. juni kl 23. Det er maksgrense for kor mange deltakarar me kan ha og påmeldinga skjer difor etter førstemann til mølla-prinsippet. Det blir mogleg å setje seg på venteliste om det blir fullbooka.  Er det fullbooka når du prøver å melde deg på kan du sette deg på venteliste ved å sende epost til pelle.haugen@gmail.com

Anna info: Pga covid-19 og smitteverntiltak kan det bli aktuelt å måtte avlyse arrangement på kort varsel.

Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.

Vellukka dåp og kulturminnedag

Det vart ei fin markering av Kulturminnedagen med dåp av Maribåten på Kaupanger. Kystlaget fortalde om alt arbeidet som ligg bak restaureringa av storbåten som skulle døypast. Øyvind Hatlevoll frå Ornes Båtbyggeri som hadde oppdraget med restaureringa av båten, samt kursing med hjelp frå medlemar av kystlaget, heldt eit innlegg om arbeidet og Båtbyggeriet. Dåpen stod Tove Aurdal Hjellnes, nestleiar i Forbundet Kysten, og Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal Kommune for.

Været var også med oss på dagen, det starta med solgløtt og blikkstille fjord, og når talar, dåp, kaffe, kaker og trekkspelmusikk var fordøgd, kom seglvinden inn Amlabukta slik at det vart ein flott prøvetur med den nydøypte båten “Mari”. Ombord var kystlagsmedlemar, varaordførar og nestleiaren med fint driv i bukta.

Takk til alle som har bidrege økonomisk og fysisk for at restaureringa er fullført.

Kystlaget held fram aktiviteten på basen i Kaupanger ei stund endå, fram til avslutning før vinteren. Vel møtt på basen tysdagar frå kl 17.

Her ser de bilder frå dagen:

Foto: Elias foto

Prosjektet Mari Jens båten

Kjære medlemmer av Indre Sogn Kystlag.

Her kommer en oppdatering om prosjektet Mari Jens båten.

Laget har som dere vet , behandlet skroget en rekke ganger med tjære innvending og utvendig. Båten er påført bunnstoff etter tetting med drev og behandlet med bek. Båten ligger til trutning før planlagt sjøsetting 07/07.20. Den 30/06.20 gjennomførte laget prøverigging av båten. Arbeidet den 30/06 med prøverigging av råseil,  ble ledet av Hallstein Ese med god hjelp av Per Haugen og andre medlemmer i ISK.

Sjøsetting

Tirsdag den 7. Juli 20 fra klokken 17 skal Mari Jens båten sjøsettes, håper mange kommer til basen vår i Kaupanger. Ta gjerne med hele familien. Laget byr på Kaffe og vafler. Tirsdag 14/7 .20 kl 17 møtes vi også som vanlig på tirsdager, planlegger da rigging og evt, prøvesegling med råsegl.

Studieforbundet kultur og tradisjon gir oss kursstøtte til kurs B2 , som omfatter behandling av skroget til båten med tjære, trekkfastolje, bunnstoff, drev og bek. I tillegg til rigging med råsegl, sjøsetting, trimming og seglkurs med rå segl.

Prosjektet Mari Jens båten støttes også av Kulturminnefondet  og andre institusjoner/kommuner.

Vennlig hilsen

Arne Jon Barlinn. ISK. Prosjektleder

Nytt kurs i restaurering av gamle trebåtar

Vi held nytt kurs: Restaurering av gamle trebåter med praktiske øvelser på klinkarbeid, dette kurs omfatter også trearbeid/tofter og tiljer samt skifte av saum. 15timer.

Kurs på Kaupanger med arbeidshefte (uten lærer eget studium 2 timer) 

Fredag 16 juni  17.00-20.00 (3 timer)

Lørdag  17.juni  10.00-16.00 med en times pause for lunch (6 timer)

Søndag 18.juni   10.00-17.00 ( 4 timer)

 Kursavgift medlemmer kr. 200. Ikke medlemmer kr. 400.  Asylsøkere: gratis.

Påmelding snarast.

 

upload.png