Indre Sogn Kystlag deltok på Open Dag i Kaupanger
/Sundag 16. juni deltok Indre Sogn Kystlag på Open Dag i Kaupanger.
Det var svært mange som tok del i Open Dag (info om dei som deltok kan lesast her: Link til MISF sine nettsider)
Styremedlemmar serverte bålkaffi, bringebærsaft og låne ut både redningsvestar og båtar til folk som var innom. Det gledeleg å sjå så mange som var innom basen vår i Kaupangerbukti. Me fann også fram ein eldre båt laga av Svein Henjasand i Eide, som no skal få seg ein liten service, så kanskje kan me få den på sjøen att.