Nytt år, nytt styre, nye aktivitetsdagar i Indre Sogn Kystlag
/Etter årsmøte i mars vedtok årsmøte det nye styret, og ser fram til eit nytt år med aktivitet rundt Indre Sogn Kystlag.
Målet i år er blant anna å få sjøsatt fleire av båtane våre, vere med på arrangere Open dag i Kaupanger 16. juni, samarbeide med Sogn Friluftsråd og andre organisasjonar og tilby arrangement for born og unge iløpet av sommaren/hausten.
Den første samlinga vår blir tysdag 23. april på basen vår i Kaupangerbukti frå kl. 17.00. Då blir båtane sett på, og starta med klargjeringa før sommaren. Denne dagen er open for alle, og har du interesse for eldre trebåtar, eller ynskjer å lære om korleis ein klargjer gamle Sognebåtar, så ta turen.