Vellukka dåp og kulturminnedag
/Det vart ei fin markering av Kulturminnedagen med dåp av Maribåten på Kaupanger. Kystlaget fortalde om alt arbeidet som ligg bak restaureringa av storbåten som skulle døypast. Øyvind Hatlevoll frå Ornes Båtbyggeri som hadde oppdraget med restaureringa av båten, samt kursing med hjelp frå medlemar av kystlaget, heldt eit innlegg om arbeidet og Båtbyggeriet. Dåpen stod Tove Aurdal Hjellnes, nestleiar i Forbundet Kysten, og Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal Kommune for.
Været var også med oss på dagen, det starta med solgløtt og blikkstille fjord, og når talar, dåp, kaffe, kaker og trekkspelmusikk var fordøgd, kom seglvinden inn Amlabukta slik at det vart ein flott prøvetur med den nydøypte båten “Mari”. Ombord var kystlagsmedlemar, varaordførar og nestleiaren med fint driv i bukta.
Takk til alle som har bidrege økonomisk og fysisk for at restaureringa er fullført.
Kystlaget held fram aktiviteten på basen i Kaupanger ei stund endå, fram til avslutning før vinteren. Vel møtt på basen tysdagar frå kl 17.
Her ser de bilder frå dagen:
Foto: Elias foto