Kulturminnedagen og opning av "Slippen"
/Hei! Her kjem ein liten oppsummering vedrørande kulturminnedagen.
Den 21. september hadde Indre Sogn Kystlag opent hus på Kulturminnedagen og offisiell opning av "Slippen" på Kaupanger. Indre Sogn Kystlag sine medlemmer har utført mange dugnadstimar med praktisk arbeid på og ved naustet til lokallaget på Kaupanger. Dette stod opent, så alle var hjartleg velkommen til å sjå. Det var og høve til å prøveseigle og ro båtane, noko som blei godt likt av borna. Det var også sal av vaffel og kaffi, i tillegg til trekkspel musikk ved bryggja.