«Fjorden sin dag i Nærøyfjorden», laurdag 18. juni 2016
/Det er 4. året Barnas turlag i Aurland, Indre Sogn Kystlag og Statens Naturoppsyn inviterertil ”Fjorden sin dag” i Nærøyfjorden. Vi nyttar årer som framkomstmiddel. Kystlaget stiller med Sognebåtar og andre tradisjonsbåtar som vi ror frå Bakka til Odnes. Dei eldre barna og ungdomane som ynskjer det, kan padle kajakk saman med ein erfaren turleiar frå Njord kajakk.
Dei som ikkje får plass i robåtane og kajakkane, får alternativ skyss.
Dei som ynskjer det, kan gå ein tur på den Gamle Kongevegen, anten til Styvi eller andre vegen til Bleiklindi. Vi fyrer bål, ror og går på skattejakt i fjæresteinane. Ta med badetøy, spikkekniv, fiskeutstyr, mat til å grille på bål og drikke (og regnkle om veret blir for ille).
Hugs redningsvesten! Vi minner om at alle barn må ha følgje av vaksne!
Møt opp på Borgastrondi på Bakka kl. 10. Retur Bakka, ca. kl. 17.
Har du spørsmål eller vil melde dykk på, ta kontakt med Janicke Hoel, tlf: 90691950
Påmeldingsfrist torsdag 16. juni
Om veret blir alt for dårleg eller det blir for mykje vind kan turen bli avlyst på kort varsel.