Kursverksemd i sommar

Indre Sogn Kystlag satsar stort på kursverksemd i sommar. No er tida inne for å pusse opp, vedlikehalde og restaurere tradisjonsbåtar. Laget fann mykje inspirasjon ved tildeling av midlar frå Kulturminnefondet til restaurering av Mari-Jens båten. Kursa gjev matnyttig kunnskap for alle med trebåt. ISK har òg søkt kursstøtte hjå Studieforbundet for kultur og tradisjon og fått godkjent fleire kurs. 

Det første kurset om Vedlikehald av trebåt starter onsdag 30. mai og fortset helga 9. - 11. juni. Det er i utgangspunktet eit 24-timers kurs, men timane vert fordelt etter nærare avtale med deltakarane. 

Kursleiar er Torill M. Domaas og kursavgifta er sett slik:  Medlemar kr.100,- , ikkje medlemar kr. 200,- og asylsøkjarar går gratis.

Påmelding snarast til Arne Jon - tlf. 908 64 367 eller som melding på vår Facebookside.

For dei som vil lære meir er neste kurs trinn 1 av 2 og omfattar Grunnkunnskap om restaurering av eldre båtar, samt praktisk øving på klinkarbeid.

Kurset bygg på et arbeidshefte med spørsmål som skal svarast på individuelt og det vert gjeve undervisning før dei praktiske arbeidsøvingane tek til.

Tidspunktet for dette kurset er sett til helga 16. - 18. juni.  Med 4 timer eigenstudie utgjer kurset 21 - 24 timer. Også her kan deltakarane være med å avgjere timefordelinga.

Det er ynskelig at deltakarane tek med noko privat verktøy og utsyr. Dette vert avtala etter påmelding. Laget rår over berre avgrensa mengd med verktøy og treng innlån om ein skal få til eit effektivt læremiljø dersom mange påmelde.

Kursleiar her er også Torill M. Domaas, og kursavgifta for medlemar er kr. 200,- , ikkje medlemar kr. 400,- og asylsøkjarar går gratis. Dei som ikkje er norskspråklege kan få oversett arbeidsboka til engelsk eller tysk. Påmelding innan 10. juni.

Også dette kurset er ope for alle, men det er obligatorisk for dei som ynskjer å delta i trinn 2;  kurset på Ornes Båtbyggjeri i juli. 

            For dei som tek trinn 2, inngår prisen for trinn 1 i totalprisen.

Kurset på Ornes Båtbyggjeri er trinn 2, og er planlagt til dei tre første helgene i juli. Praktisk informasjon om dette kurset sin pris, med overnatting, bevertning og aktiviteter, kjem vi attende til på facebook og i medlemsbrev.

Øyvind Hatlevoll (Båtbyggjar på Ornes Båtbyggjeri) er kursleiar. Objektet som deltakarane får arbeide på er den flotte Mari-Jens båten, som til då har gjennomgått en del reparasjonar.

Og når båten er stelt og har kome på sjøen, er det fint for roarane å ha ei god sitjepute. Det vert kurs for Toving av sitjepute på kveldstid. Datoar er ikkje sette, men det er berre fint om nokon melder si interesse. Den kan også nyttast av ikkje-roarar - god varm i norsk saueull.

Og det kjem meir informasjon etter kvart…  Så møtes vi til sosialt samvær, grilling og ein aktiv sommar. Faste møtekveldar er onsdagar kl 18 ved nausta våre på Kaupanger.

Arne Jon Barlinn, kursansvarleg

«Fjorden sin dag i Nærøyfjorden», laurdag 18. juni 2016

Det er 4. året Barnas turlag i Aurland, Indre Sogn Kystlag og Statens Naturoppsyn inviterertil ”Fjorden sin dag” i Nærøyfjorden. Vi nyttar årer som framkomstmiddel. Kystlaget stiller med Sognebåtar og andre tradisjonsbåtar som vi ror frå Bakka til Odnes. Dei eldre barna og ungdomane som ynskjer det, kan padle kajakk saman med ein erfaren turleiar frå Njord kajakk.

Dei som ikkje får plass i robåtane og kajakkane, får alternativ skyss. 

Dei som ynskjer det, kan gå ein tur på den Gamle Kongevegen, anten til Styvi eller andre vegen til Bleiklindi. Vi fyrer bål, ror og går på skattejakt i fjæresteinane.  Ta med badetøy, spikkekniv, fiskeutstyr, mat til å grille på bål og drikke (og regnkle om veret blir for ille).

Hugs redningsvesten! Vi minner om at alle barn må ha følgje av vaksne!

Møt opp på Borgastrondi på Bakka kl. 10. Retur Bakka, ca. kl. 17.

Har du spørsmål eller vil melde dykk på, ta kontakt med Janicke Hoel, tlf: 90691950

 Påmeldingsfrist        torsdag 16. juni

Om veret blir alt for dårleg eller det blir for mykje vind kan turen bli avlyst på kort varsel.

Foredrag av Kristian Otterskred

Under årsmøtet til ISK hadde Kristian Otterskred foredrag. Eit historisk tilbakeblikk over eit innhaldsrikt og arbeidsomt levd liv i utenriksfart frå 15 års alderen, og i mange år inn i sitt vaksne liv. No er Kristian 78 år gammal og har eit eige museum og samling av gamle båtmotorar i Vik. Interessant foredrag for dei frammøtte å både høyra og sjå.

 

 

Interessert i aktivitet på fjorden? – Kajakk, padling, roing og segling

Sjå kva vi har å tilby våre medlemar, har du kajakk får du kort veg til fjorden frå nausta våre. Meld deg inn no og få halv pris på medlemskapet. Sjå meir informasjon her, og bli medlem du også.